Eg er superfornøgd med 24nettbutikk
Eg har hatt nettbutikk her sidan 2012. Av og til treng eg hjelp frå Support, slik eg gjorde i dag. Som alltid, dei er superhjelpsame og greie og flinke. I dag trefte eg på Mathias, som hjelpte meg langt meir enn eg eigentleg kan forventa. Men dei er like greie alle saman. Når eg legg på "røyret", er det alltid med eit smil om munnen, fordi dei er så utruleg hyggelege, i tillegg til å vera så flinke. Ikkje berre får eg hjelp, eg kjenner meg reint ut lukkeleg over å få ha nettbutikken her. Eg har aldri vore i Røyrvik, men det må vera ein bra plass, sidan alle eg treffer, som er derifrå, er så bra folk. Elles er sjølve nettbutikken bra og lett å betjena. Alt er bra her.



